Etter at eg la ut det første bildet mitt for vel ei veke sidan, og fekk fleire tips om komposisjon, måtte eg berre ut å ta nytt bilde. Søndag 20.1.08 var dagen. Eg la i veg med friskt mot, og det såg bra ut med ver. Akkurat då eg kom fram, mørkna det til med snøbyger. Det vart det så som så, men eg fekk prøvd forskjellige plasseringar, og det var heile hensikten.
Det er nyttig å gå litt rundt å prøve fleire plasseringar. Eg fekk prøvd både lav og høg plassering av kameraet, og eg gjekk litt ut av løypa, og eg ser godt at komposisjonen kunne bli bedre enn den eg først prøvde. Kameraet mitt har klare grenser, og dei vart vel overskredne i dag.
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_298327} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.