Galdane
Vegen gjennom Galdane vart fort rekna som ein av dei vanskelegaste og farlegaste av reisa over Filefjell. Dalen er trong og har kun plass til elva og vegen, med bratt og steinete terreng.

Når det fraus til med is kunne område vere skummel å passere. Verre blei det når isen slapp taket og snø- og steinsprang truga i fjellsidene.

Noko av det første du møter om du går vestover frå Sjurhaugen, er Olavsklemma.

Sagnet fortel at då kong Heilage Olav reid gjennom Lærdal i 1023 for å tvangskristne valdrisane, vart passasjen her for smal for kongen og hans hær. Han sette difor ræva på hesten mot fjellet, og slik fekk han utvida vegen. I dag kan du sjå merkene etter hesteræva i fjellet ...

I realiteten er Olavsklemma ei jettegryte skapt av Lærdalselvi gjennom tusenvis av år.

Her i området ser du også restar av tyske forsvarsanlegg frå siste verdskrigen. Dei tyske okkupantane skjønte at kontroll av vegen over Filefjell og gjennom Lærdal var viktig.



FLEIRE VEGAR

Frå gamalt av gjekk ferdsla over Seltunåsen på hi sida av elva frå Galdane. Men då kongevegen vart bygd i starten av 1790-åra, la dei vegen på denne sida av dalen, forbi husmannsplassen Galdane, som strekka har fått namnet etter.

Her var bratt og rasfarleg terreng. Noko som førde til at vegstyresmaktene i åra 1837–1843 la vegen tilbake til Seltunåsen, som «Den Bergenske Hovedvej». Denne vegen vart også lagt oppå dei austlege delene av Galdanevegen, etter å ha bygd Steine bru der vegen kryssa elva.

Difor går du på «Bergenske Hovedvej» frå 1840-åra frå Sjurhaugen til du kjem til Bruknappen, der vegen går ned til Steine bru (som kollapsa i storflaumen i 1860).

Ikkje gå ned til brua, du skal halde fram på kongevegen frå 1790-åra. Frå Bruknappen vil du difor merke standardskilnad på vegane.

Etter eit kort stykke kjem du til Laukebergbakken som er staden Johannes Flintoe foreviga i eit motiv som i dag heng i Nasjonalgalleriet: handelskaren på veg til marknaden på Lærdalsøyri, som må halde att hesten i den stupbratte bakken.



HUSMANNSPLASSAR

Du går forbi fleire husmannsplassar. Til dømes restane etter Glorhelleren. Går du litt nedi bakken her, finn du framleis tobakksplanter og humle som dei planta på 1800-talet.

Du går vidare over flotte kongevegbruer etter «Veiinstrux» av 1794, mellom anna over fossen Sokni. Kong Harald V har monogrammet sitt på den eine brustolpen.

Den best bevarte husmannsplassen er «Galdane», plassen som vegstrekka har fått namnet etter. Husmannsplassen er frå 1600-talet, og dagens bygningar frå midten av 1800-talet.

Gå opp til tunet og ta ein pause. Galdane er restaurert og blir halde i hevd av ein moderne husmann. Her er flott utsikt over Lærdalselvi og «Bergenske Hovedvej» i Seltunåsen på andre sida. I Galdane er det infooppslag på kvart hus.

Her er også to utedoar litt ovanfor husa.

Kongevegen går vidare vestover langs Lærdalselvi ned til 1950-talsbruket Seltøyni, og vidare til E16 ved Seltun bru.

I Galdane er det også eit klimaskilje mellom aust og vest. Fleire raudlista planter veks her. For å spare desse, vil du sjå at vegetasjonen langs kongevegen i Galdane berre blir rydda i midten. Kun frå august av blir vegetasjonen rydda i vegen si fulle breidde.

Skriv gjerne namnet ditt i turboka der vegen passerer under husmannsplassen Galdane. Her er det ein fin kongevegbenk å sitje på.
Utstyr
  • FUJIFILM GFX100S
  • Fujifilm Fujinon GF32-64mm F4 R LM WR
  • Brennvidde64.0mm
  • Blenderf/16
  • Lukker1/4s
  • Nei
  • Exif Vis basisinfo - Vis all bildeinfo
Annen info
  • KategoriLandskap
  • Lastet opp
  • Visninger28
  • Nøkkelord
Linker og deling
Referere til dette bildet andre steder på foto.no: klipp og lim følgende tekst (ta med klammeparentesene): {bilde_1136193} Det vil da bli automagisk laget en link til bildet fra teksten din.
Ønsker du å bruke/kjøpe dette bildet?
Kritikker (2)
Olaf M.
Flott fugleperspektiv. Trærne i forgrunnen skaper fin dybde i bildet
Mvh Olaf
Per L.
Fint og veleksponert oversiktsbilde og ikke minst interessann tekst! Mvh Per
Du må være logget inn for å kunne kommentere bildene på foto.no.
Tastatursnarveier: forrige Goversikt neste
Åpne uskalert versjon i eget vindu